Det betyr at det blir mykje skiaktivitet og ikkje minst mykje bålkos i gapahuken.

Hotelldirektør Kristin Havsjømoen fortel at Unike hoteller, som Morgedal hotell er ein del av, har investert i heis, og sett i gang grunnarbeid. Idrettslaget i Morgedal skal hjelpe til med drift.
Kristin seier at bakken blir svært eigna for skileik, med kuler, vanlege hopp og flyttbare hopp og high-five-element. Skiforbundet har teikna forslaget til bakken.
Sitat frå Vest-Telemark blad:
Me har lenge tenkt på å setje i gang med heis. Men så har det vore litt vanskeleg med tanke på snø. Men nå jamnar me det ut oppe i henget, og då krevst det ikkje like mykje snø, smiler hotellsjefen, og legg til at dette også blir eit område for stisykling om sommaren, hausten og våren.
Sjå video frå VTB her
